Ørretfiske
Eit fiskekort hjå oss i Bjordalen gjev tilgang til eit spennande sportsfiske på ørret for alle typer sportfiskarar. No også med eiga flugesone for spesialistfiskarane.

Mange svært flotte fiskevatn, omgitt av opent høgfjellslandskap. Ørret i alle kategoriar, stor variasjon i storleiken på vatna og båt i fleire av desse. Dei fleste kan by på framifrå kvalitet og fin størrelse. Bjordalen samarbeider også med Ørretens Rike som tilbyr ørretfiske av topp kvalitet og for de fleste grupper sportsfiskere. Les mer på www.orretensrike.no.

Med eit fiskekort i Bjordalen har du muligheit til å fiske i 15 - 20 små og store høgfjellsvatn frå 1300 - 1500 m.o.h. Vatna ligg spredd utover vidda med 5 - 6 større vatn og mindre vatn rundt. Fleire av vatna er godt eigna som kombinasjonsvatn fluge / sluk. Eigen flugesone i Grindevatna. Dei djupaste og høgastliggande vatna eignar seg helst til sluk og dorging. Fleire av vatna har båt, desse er tilknytta hyttene du leiger. I 2 av fiskevatna tilbyr vi i tillegg til sportsfiske, gratis garnfiske med garn inkludert. Avstand til fiskevatna varierer frå rett ved anleggsveg, til 5 km til det vatnet som er lengst unna. Her ligg også Gjetarhytta.

Fiskebestand
I stort sett alle vatn og småtjern er det ørret, og dei fleste av vatna kan by på framifrå kvalitet og fin størrelse, ca. 400 g i snitt for heile området. Vatna produserar ca 350 kg årleg og det har blitt tekefisk oppimot 1,5 kg.

Trykk på den kategorien nedanfor som passar deg best, for meir informasjon: