Hytte
Det er fem utleigehytter tilgjengelege, som ligg spredt innover fjellet, heilt frå vanleg og enkel standard til ei høgstandarhytte, tilsaman 21 sengeplassar.

Tre av hyttene ligg meir i heimfjella ved anleggsvegen, den fjerde og femte ligg lenger inn på vidda. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene, dette må hentast i nærliggande bekk eller vatn. Ved fleire av hyttene følgjer det med båtrett.

Hyttene blir  leigd ut på heil og halvvekesbasis med inkluderande fiskekort og evt båt.
Gjestebytte heilveke: søndag til søndag.
Gjestebytte halvveke: søndag til tordag / torsdag til søndag.
Ankomst nye gjester frå kl 15.00
Avreise innen kl 13.00 ( levert nøklar nede på garden )

Me ynskjer at det skal vera reint og pent på våre overnattingshytter.
Leigetakar står sjølv for vask og reinhald ved utsjekking.
_____________________________________
Skardalshytta
(1320 m.o.h) ligg ved nedre Skardalstjern, 200 m gangavstand til veg.
Dette er ein koselig og lun plass med tjernet eit steinkast frå hytteveggen.
Fin plass for småbarnsfamilie.
- Hytta er bygd på 60-talet, vidare påbygd i 1975
- Består av kombinert stove / kjøkkenkrok, 1 soverom for 4 (5 dersom ein er to i familiekøya). Hytta er på omlag 35 kvadratmeter, med tilhøyrande vedhus og utedo.
- Vedovn inkl. ved, gasskomfyr, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og parafinlamper.
- Sovepose og laken må påreknast.
Heilveke 9200,-
Halvveke 5200,-


_____________________________________
Bjordalsyn

(1410 m.o.h) er ei høgstandarhytte. Ligg flott til ved Bjordalshaugen og inngangen til sjølve Bjordalen, veg til døra. Som hyttenamnet tilseier, ei utrulig utsikt. Gangavstand til fiskevatn, og midt i “rike” med tanke på jakt og fiske. Til denne hytta er det også båtrett i Kaldevatn.
- Hytta er bygd i 2010.
- Består av kombinert stove / kjøkkenkrok, tre soverom med sengeplass til 7 (med dyner), vaskerom med dusj (12v dusj, må varme vatn på komfyr), bod, uteplass, toalettrom.
Hytta er på omlag 55 kvadratmeter.
- Vedovn inkl. ved, propankomfyr / kjøleskap, alt av koke / kjøkkenutstyr, strøm basert på solenergi.
- Sovepose eller sengetøy og laken må påreknast.
Heilveke 14000,-
Halvveke 7500,-


_____________________________________
Mjåvasshytta
( 1409 m.o.h ) Er ei hytte som ligg i sørenden av Mjåvatn, med tilhøyrande båtrett.
Ca 3,5 - 4 km lett gange innover ei gammal anleggslepe.
- Hytta er opprinneleg ei gamal fiskebu frå 60 talet, men vart totalrestaurert i 2011.
- Hytta er omlag 11 kvadratmeter med tilhøyrande uthus og båt og ligg fint til rett i vasskanten av Mjåvatn.
- Består av eit rom med kjøkkenkrok og 3 sengeplassar.
- Vedovn inkl. ved til oppvarming, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, solcelleanlegg.
- Sovepose må påreknast.
Heilveke 8100,-
Halveke 4700,-

_____________________________________
Steinbui

(1200 m.o.h) ligg nede i Bjordalen. Opprinnelig ein gamal støl, veg til døra. Ca 4 km tilbake med bil til næraste fiskevatn.
Koseleg og nostalgisk med enkel standard.
- Steinbua vart totalrestaurert i 1999 med bla. nytt golv, og panel på vegg og tak
-Består av eit rom med kjøkkenkrok og 3 sengeplassar. Totalt 9 kvadratmeter.
- Vedovn inkl. ved, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og parafinlamper
- Sovepose og laken må påreknast.
Døgnpris 600,-

_____________________________________
Gjetarhytta
(1480 m.o.h) er ei mindre hytte, ved nedre Bjordalsvatn, med naust og båtrett.
Ca 5 km gange frå veg. Nydelig plass for dei som vil skikkelig inn på vidda og langt frå folk.
- Hytta er opprinneleg ei tamreinsbu frå 50 talet, men vart totalrestaurert i 1997.
- Består av eit rom med kjøkkenkrok og 4 sengeplassar. Omlag 10 kvadratmeter med tilhøyrande uthus med utedo.
- Parafinovn til oppvarming, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og parafinlamper.
- Sovepose må påreknast.
Heilveke 8100,-
Halvveke 4700,-