Ørretfiske fluge
Velkommen til siden for fluefiske, her håper vi du finner informasjonen du treng.



Grindevatna flugesone

Er i hovudsak 3 småvatn som ligg lett tilgjengeleg for sportsfiske rett ved anleggsvegen. 2 av desse er no lagt ut eksklusivt til eiga flugesone, det 3dje største Grindevatnet vil komma med etterkvart. Vatna ligg ca 1375 .moh, er omkransa av lett og karrig høgfjellsterreng, lett å vandra i mellom vatna og er veldig flotte vatn for flugefiske frå land. Lite vegetasjon langs land gir god tilgang sjølv utan vadebukser. Spennande og klare fiskevatn med marbakkekantar og dropp som gjer at fisken ofte trekker langs land. Vatna er ca 20-40 mål store. Og du fiskar gjennom dei på ca 2 timar. Om fisken er støtet får du ei oppleving du seint vil gløyme, og kilosande er det fleire av. Det krystallklare vatnet kan gjere fisken lettskremt, så litt vindvær kan vera bra.



Fisketips / Klekking
Vårfluger dominerer, og det kan somme tider være store mengder med Bibio i august. Flugemønstre som Daddy longled og tradisjonelle Britiske fluer for lakefisking fungerer svært godt. Bustefluger med sterke fargar fungerar svært godt i vindvær.



Fiskereglar flugesone Grindevatntjerna:

- Kun flugefiske med mothakeløse krokar.
- All fisk over 35 cm skal setjast tilbake pga. mål om auka kvalitet.
- Gamal slank fisk med stort hode skal avlivast.
- Det er kun lov å bruka mothakeløse krokar, ( mothakane skal vera nedklemt).
- Det skal brukast håv, nettet i håven skal vera knutefritt.
- Ved vading skal det visast omsyn til vatnes bunnvegetasjon og andre fiskarar.
- Det største Grindevatnet ligg enn sålenge under fellessona, men vil komma med i flugesona etterkvart.
- Her kan flugefiskaren driva retta uttak av den størrelsen av fisken som skal takast ut, feit fisk i god vekst/kondisjon skal setjast tilbake, all fisk under 30 cm skal avlivast og større og slank fisk med stort hode skal avlivast.

Fisketider flugesone:
- Fisketid frå 08.00 til 22.00. Fiske utanom dette tidsrom må skje i fellessona.



Generelle fiskereglar:
- Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stang / oter må løysa fiskekort.
- Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong i småtjerna til “Bjordalen jakt og fiske”, i flugesona er det eigne reglar.
- I Kaldevatn, nedre Bjordalsvatn og Mjåvatn er det lov å bruke oter, i øvre og nedre Skardalstjern er det i tillegg lov med garn.
- Større og slank fisk med stort hode skal avlivast (gammal fisk).
- Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
- Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
- Ikkje kast søppel i naturen.



Fiskesesong:

Normalt frå ca. 10 juli - 15 september, alt etter snøforhold.

Fangstrapport:
Ved avslutta fiske skal fangstrapport leverast utleigar. Fås ved kjøp av fiskekort.


Prisar:
Fiskekort / dagskort fellessone og flugesone:
200,- pr.person for sluk og flugefiske. Oterfiske i nokre vatn. Gratis garnfiske i to vatn.

For deg som får kriblingar i kroppen når du les dette, likar friheitsfølelsen og den flotte fjellørreten på vidda.
Gå til kontakt.

Kart Flugesone:


Vis større kart