Velkommen til Bjordalen jakt og fiske
Bjordalen jakt og fiske leiger ut jaktrettar av rein, hjort og småvilt, men også 15 - 20 fine fiskevatn med båtar og hytter. No også med eiga flugesone.

Bjordalen jakt og fiske ligg i Borgundsfjella i Lærdal kommune.

Området ligg i hjarte av Skarvheimen, midt i mellom Bergen og Oslo og høyrer til ein av Nesegårdane i Lærdal og strekjer seg frå Lærdalsdalen i vest og heilt til fylkesgrensa med Buskerud i aust.

Dette er eit privateigd område på ca 63 tusen dekar der store deler er lettgått og kupert høgfjellsterreng i 1300 - 1500 m.o.h.med storslått natur og reine og pene omgivingar. Her føler du verkeleg at du er i høgfjellet. Også greit utgangspunkt for fluefiske i Borgundselva og for andre turistbaserte opplevelsar som Borgund stavkyrkjemuseum og Norsk villakssenter i Lærdal m.m

Det er anleggsveg med bom inn i området, denne er omlag 20 km. Dette fører til at området er lett tilgjengelig, men også stilt og roleg, med eit begrensa antall personar til ein kvar tid. Området har begrensa mobildekning og du har muligheit til å stenga ute den moderne omverden. Hyttene blir i utgangspunktet utleigde til personar / grupper som leiger fiske eller jakt, fleire av hyttene har veg til døra.

Bjordalen har lange tradisjonar som eit bra jaktområdet på både rein, hjort og småvilt og ikkje minst fjellfiske.